Turtips

Velkomen til Voss

Frå hytta er det mange muligheter for turar og aktivitetar.  Både i nærområde, i Vossebygda, i nabobygdene og i Bergen by.

Nærområdet

Stien som går nedanfor hytta fører vidare innover i åsen og opp til Hanguren (toppen av Gondolbanen) og Slettafjellet, og heilt opp til Lønehorgi (1412 m), om ein vil så langt.

Stien fører også nedover til Mølstertunet (museum) og heilt ned på Vossevangen. Kan kombinerast med å ta Voss Gondol til topps og gå stien ned att til hytta.

Utsikt over Voss frå Voss Gondol
Rafting i elva ved Voss

Vossebygda

Turistkontoret ligg i nedre stasjon for Voss Gondol. Her finn du opplysningar om museum som Mølstertunet, Nesheimstunet og Finneloftet, fossar som Tvinnefossen, og aktivitetar som klatrepark, rafting og vindtunnelen Voss Vind.

For fotturar arrangerer Voss Utferdslag (DNT) ofte fellesturar. Terrengsykling har blitt populært dei siste åra, og det er rikeleg med kafear både på Vossevangen og rundt i bygda.

Nærøyfjorden med kajakk og cruiseskip
Dagsturar

Aktivitetar i nabobygder

Kinsarvik

1T BIL

Den populære familieparken Mikkelparken — perfekt for ein dag med barna.

Gudvangen

1T BIL

Vikinglandsbyen Viking Valley inst i Nærøyfjorden.

Flåm & Nærøyfjorden

1,5T BIL

I turistbygda Flåm er det mange moglegheiter, mellom anna fjordcruise. Den klassiske rundturen "Norway in a nutshell" må og nemnast: tog Voss–Myrdal, Flåmsbanen til Flåm, båt inn verdsarvfjorden Nærøyfjorden til Gudvangen, og buss tilbake.

Bergen by

1T TOG

Berre litt over ein time unna med tog eller bil — perfekt for ein bytur.