Enkel hytte, vakkert plassert
Hytta ligg relativt sentrumsnært, samtidig som den ligg i naturen på Voss, 370 meter over havet, ovafor dei øvste gardane i vakre Gullfjordungen.

Bygd i 1963 på eit gamalt slåttetrée
Hytta vart bygd i 1963 på det som før var eit gamalt "slåttetrée" — slåtteteig — under garden Raugstad.
Dette er ei enkel hytte, men den ligg koseleg til og svært usjenert. Hytta er på 30 m², med stove, avdelt kjøkken og eit ikkje-avdelt soverom der det er ei etasjeseng. Det er i tillegg sovesofa i stova og to lause madrass-senger på hemsen.
Det er såleis plass til fem personar.
Praktisk informasjon
Plassering
370 meters høgde, ovafor øvste gardane i Gullfjordungen. Usjenert og naturskjønt.
Storleik
30 m² hytte med stove, avdelt kjøkken, soverom med etasjeseng, sovesofa og hems. Plass til 5.
Straum & vatn
Ikkje innlagt straum, men solcelleanlegget vart fornya sommaren 2020. Vatn hentar du i Heggjavadgroi, 50–60 m unna. Ta med drikkevatn ved tørke eller flaum.
Oppgang til hytta
Det er ca. 200 m å gå til fots opp frå bilvegen, i forholdsvis bratt terreng. Dersom ein vil gå heilt frå Vangen (Voss sentrum) tek det ca. 40-50 min. Ein kan velje mellom å gå etter bilvegen eller markasti gjennom skogen.
Buss
Bybuss 964 Sivlevegen frå Voss stasjon til Brekkesvingen, like nedanfor øvste garden Raugstad. Derifrå er det ikkje langt å gå.
Vinterstid
Ta gjerne med trugar for å gå opp frå parkeringsplassen, eller ta ein viss omveg på ski for å unngå dei brattaste bakkane.
Enkelt, men alt du treng
Det er gasskomfyr med fire bluss for koking, med steikeomn under. Stor vedomn (med plass for 60 cm lange vedskier) sørgjer for god varme.
Eit uthus på ca. 12 m² rommar ved og diverse utstyr.
Sjå full liste over fasilitetar
Vêrmelding og føremelding
Sjekk vêrmelding og webkamera frå området før du legg ut på tur.

Bestilling
Bestilling skjer i bestillingskalender. Trykk på datoen du vil leige frå først, deretter datoen for avreise. Når bestilling er gjort, får du e-post med ytterlegare informasjon.
Det er fritt fram å velje eitt eller fleire døgn, men hytta passar absolutt best for den som vil slå seg til ro nokre dagar.
Tips: Ved bestilling minimum 4 døgn gir vi god rabatt for påfølgjande døgn. Ta gjerne kontakt på førehand om det praktiske.
Slå deg til ro i Gullfjordungen
Sjekk tilgjengelege datoar og book opphaldet ditt på Hytta på Voss.
Sjekk tilgjengelighet